Forfattarportrett: Johan Falkenström
Hei!
Eg er forfattaren og skrivementoren, Ingelin Røssland.
I over 20 år har eg skrive bøker i dei fleste sjangrar, på nynorsk og bokmål, for liten og stor.
Det å snakka om skriving, og å gi andre nøklar til å opna opp det kreative rommet i seg sjølv, gjer meg stor glede. Når eg gir tips og lærer bort, endar eg opp med å få ny innsikt sjølv også.
Du finn videoar på min YouTube-kanal, Instagram og Facebookside.
Du er kanskje her fordi:
A: Du er skuleelev med oppgåve om å skriva om bøkene og forfattarskapen min?
I så fall så finn du det du treng til oppgåva di ved å leita under BØKENE og BIOGRAFI.
B: Du har ein draum om å skriva sjølv?
Då får du meir tips og råd viss du leitar meg opp på Facebook, Instagram eller YouTube.
C: Vil invitera meg til festivalar, halda foredrag, skrivekurs eller vil at eg skal komma på forfattarbesøk i skulen?
I så fall, ikkje nøl med å ta KONTAKT.