Forfattarportrett: Johan Falkenström
Hei!
Eg er forfattaren og skrivementoren, Ingelin Røssland.
I over 20 år har eg skrive bøker i dei fleste sjangrar, på nynorsk og bokmål, for liten og stor.
Det å snakka om skriving, og å gi andre nøklar til å opna opp det kreative rommet i seg sjølv, gjer meg stor glede. Når eg gir tips og lærer bort, endar eg opp med å få ny innsikt sjølv også.
Du finn videoar på min YouTube-kanal, Instagram og Facebookside.
Du er kanskje her fordi:
A: Du er skuleelev med oppgåve om å skriva om bøkene og forfattarskapen min?
I så fall så finn du det du treng til oppgåva di ved å leita under BØKENE og BIOGRAFI.
B: Du har ein draum om å skriva sjølv?
Då får du meir tips og råd viss du trykker på KURS. Eg har små billige kurs og steike dyre Mentorship. Noko for alle ambisjonsnivå og lommebøker.
Du kan også melda deg på NYHEITSBREVET for å få skrivetips rett i innboksen din kvar veke.
C: Vil invitera meg til festivalar, halda foredrag, skrivekurs eller vil at eg skal komma på forfattarbesøk i skulen?
I så fall, ikkje nøl med å ta KONTAKT.